Salget av den nye boka i serien “Den nære fortida” går svært godt. Det er også eit jamnt salg av bok 1 og 2. SPAR er ein god salgskanal for historielaget, og i dag har vi vore og fylt på med ein ny kartong bøker, i tillegg har vi supplert med fleire av dei to bøkene som kom i fjor og i forfjor.
Både det gode salget og dei mange kjekke tilbakemeldingane er svært inspirerande for arbeidet vidare. Eit døme er uttalen frå ein tilflytta uskedeling som eg trefte på Husnes Storsenter for litt sidan. Han hadde fått den tredje boka i bursdagsgåve.
– Eg har snart lese ut boka. Den var veldig interessann for meg som ikkje er oppvaksen i Uskedalen. Lett og kjekk var den å lesa og. Eg skal kjøpa dei to første. Det er sikkert, var den kjekke attesten.
Kjekt er det også å registrera at det stadig er fleire unge som kjøper bøkene.
Bøkene kan betalast med vipps direkte til Uskedal Historielag (76 38 03). Viss ein ikkje har vipps, er alltid den hyggelege betjeninga på SPAR behjelpelege med å ordna betalinga.
Prisen pr. bok er 300 kroner. Viss ein kjøper ein tilbodsbokpakke med alle dei tre bøkene får ein dei for 600 kr samla. Skriv som melding kva bøker kjøpet gjeld.
Boka kan også kjøpast ved å kontakta skriftstyret på mobil 932 88 237.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland