På`an igjen. Innstilling til K.styret om å leggja ned brannstasjonen i Uskedalen
Dersom det vert vert fleirtal for innstillinga til Kommunedirektøren, vert brannstasjonen i Uskedalen lagt ned. Det er slik det går fram i saka Organisering, bemanning og utrustning av Kvinnherad Brann og Redning, som skal drøftast i kommunestyret komande torsdag. Uskedalen vert med dette anten lagt under Rosendal eller Husnes brannstasjon.

I utgreiinga kjem det fram at eit alternativ er samlokalisering med Rosendal, då med ny brannstasjon plassert på Seimsfoss. Kostnader med oppgradering av eksisterande stasjon i Uskedalen er rekna til 4,5 mill. kr. Ny stasjon plassert på Børnes i lagerbygg er rekna til 8,5 mill. kr. Dersom ein går for ei løysing med stasjon i eige bygg på Kvinnherad Vekst si tomt i sentrum, er kostnaden 10 mill. kr.
Utgreiinga syner at det er fire stasjonar i Kvinnherad som ikkje stettar Arbeidstilsynet sine krav. Uskedalen er ein av desse.

Etter siste politiske vedtak i K.styret, trudde alle at stasjonen i Uskedalen var berga. No er det på`an igjen med ny mobilisering. Arbeidsgruppa i Uskedal Utviking med Hans Reidar Kjærland, Gunn Mari Moberg og Tor Øystein Myklebust, har jobba grundig i ein prosess med å finna ei løysing med ny stasjon på Børnes.
Uskedalen.no føl opp denne saka.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto