
På leiting etter hestmakrellen.
Jostein Legland på sjarken BONITA løyste tamp torsdag og la ut på leiting etter hestmakrell. BONITA går saman med VESTERVIK frå Sunde. Ein kan aldri sei nøyaktig kor turen går. Det kan vera inn i fjordane eller nord og sør på kysten.
Leitinga kan ta alt frå nokre dagar til veker. Uskedalen.no fekk møta Jostein på Sandakaien. Ute i fjorden møter han VESTERVIK. Saman går dei ilag og samarbeider om leiting og fiske.
Hestmakrellen kan bli opptil 70 cm lang, sølvfarga, lever pelagisk og er å finna i Nordsjøen, men også på kysten og inn i fjordane. Arten er varmekjær og går i stim. Fangsten vert levert til mottak. Det meste av går til eksport.
Vi seirr: God leiting og skitt fiske.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal