Ta med tips, bilde og spørsmål og besøk standen.

Førehandssalget av den lokalhistoriske boka om Uskedalen si nære fortid har gått svært bra. Kjøpet har føregått med vipps og bankinnbetaling. På lørdag får dei som føretrekk kontantar, oppfylt ønskjet sitt. Dei kan nemleg få handla med kontantar den dagen. Historielaget vil han stand på Haustmarknaden som Spar Uskedalen arrangerer. Dei håpar at mange vil besøkja standen, ikkje berre for å handla, men også med spørsmål om arbeidet i skriftstyret, både med boka som kjem ut i begynnelsen av november og kommande bøker. Vi håpar også på tips til emne som det kan skrivast om, og ikkje minst at nokon tar med seg bilde som skriftstyret kan låna. Bilda er heilt avgjerande for at vi skal kunna laga interessante artiklar. Dei treng slett ikkje vera hauggamle. Det meste av stoffet vi arbeider med no, er frå ca. 1935 og fram til 1970 og vel så det. Mange sit nok på bilde frå denne perioden som vil vera verdfulle i bokarbeidet. Så ta litt tid, leit dei fram og la skriftstyret få låna dei. Har dei gode bilde, er det alltid mogeleg å knyta ord og setningar til.

På Haustmarknaden er der i tillegg mange interessante utstillarar, og dessutan blir det både musikk og song av dyktige Atle Fredheim og konkurransar. Dette kan de lesa om HER.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland