Øystein Skaala er forskar og altmoglegmann i kulturlivet i Rosendal, og bør vera godt kjend for alle her i Kvinnherad. For eitt år sidan var han gjest i Senioruniversitetet med filmen “Livet på jorda snakkar ut”. Torsdag 5.oktober kl. 11.00 kjem han tilbake i Kulturhuset Husnes og vil snakke om, og syna fram, film nr 2 : ” Slik tok menneska over jorda”. Han er mannen som hadde ideen og tok initiativet til begge desse imponerande og lærerike filmane. Om den siste filmen seier han sjølv :


Denne filmforteljinga startar nesten 3 millionar år tilbake i tid, i Riftdalen i Aust Afrika, då menneskeslekta skilde lag med sørapane. Vi får møta fleire menneskeartar, dei første verktøymakarane og Homo erectus, som var dei første som vandra ut av Afrika, for 1,7 mill år sidan. Vi møter neanderthalmenneska som levde i Europa i 400.000 år, før vi tar eit blikk på Homo sapiens, det tenkjande mennesket. Homo sapiens, det er oss. Eit av våre kjenneteikn er at vi likar å reisa, og for 55.000 år sidan starta vi koloniseringa av heile Jorda.


Korleis kom vi oss ut av steinalderen? Kva er dei viktigaste hendingane i historia vår? Og kortid byrja vi å samle oss i bysamfunn? Dei siste 200 åra har vi teke kontroll over det meste av kloden, folketalet aukar eksplosivt og
fotavtrykka våre er blitt så mange og store at vi tek til å bli bekymra. Det er dramatisk, ja, men vi er også ein sosial art, vi samarbeider, løyser problem, bygger samfunn og tek vare på kvarandre. Men det er grunn til å spørje: Kor har vi tenkt oss og kva planar har vi no?

Øystein er ein framifrå formidlar, så det er all grunn til å gle seg til eit nytt møte med han. Føredraget går føre seg i Kulturskulen sin konsertsal. Etter møtet vert det sosialt samvere og enkel servering i Festsalen.


Senioruniversitetet er ope for alle som har lyst og høve til å samlast og få litt fagleg påfyll på ein torsdag føremiddag kl. 11.00.

Tekst: Pressemelding 
Foto: Grenda
Nett: Kristian Bringedal