Innsamling til Ukraina

De er ei utrueg god støtte frå mange bygder og verksemder når de gjeld innsamlinga av sko, klede, leiker og anna utstyr til Ukraina. Det strøymer på med sekker og den store leveringsdagen er måndag 3. mai på ettermiddagen. Bondekompaniet er ei av fleire verksmder som har funne fram og er klar for levering av overskytande materiell.

Tormod Myklebust, ansvarleg for innsamlinga i Kvinnherad, fortel at det går mot rekord. Det er svært god respons og positive tilbakemeldingar på innsamlingsaksjonen. Hyttefolk og andre med fritidsbustader i Kvinnherad leverer sekker. Saman med mange andre nyttar ein høve til å rydda og få levert gode sko og klede som ikkje vert brukt.

For dei som ikkje alt har levert, kan ein koma til lageret i Uskedalen måndag 3. mai. Smittevernreglane gjeld. Ein vert oppmoda til å sitja i bilane og venta på tur for levering. Hugs: kr. 50,- pr sekk som dekkar felles kostnader.

For meir informasjon og avtale: Ring 971 47 851.

Kjell Hjelmeland har med eit lass med sekker som vert lasta på THK traileren måndag 3. mai.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal