Ekteparet Astrid og Pål Haugland(bildet over) er som tidlegare gjort kjent, tildelt Folkehelseprisen i Hordaland 2020. Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak prisen, og det var Uskedal helselag som var forlagsstillar. No er klart at overrekking av prisen blir 17.juni kl. 17, og arrangementet vil finna stad ved den nye gapahuken på Flåtene ytst i Eikedalen. Same ettermiddag blir det også offisiell opning av denne gapahuken.

Det er Uskedal helselag som står for arrangementet, og dei synest det passar godt å legga det ute i naturen, og valget fall då på gapahuken på Flåtene. Denne er nemleg oppført av dugnadsgruppa som Pål tok initiativ til for eit par år sidan, og som allereie har gjort mykje positivt for bygda.

Den flotte gapahuken som dugnadsgruppa har bygt på Flåtene.

-Sidan det er eit utearrangement, må vi sjølvsagt ta forbehold om at vergudane blir med oss, seier Eli Roseth Eik, leiar i Uskedal heleselag. Ho legg til at programmet ikkje er spikra i detalj, men det kjem folk frå fylkesstyret i Nasjonalforeningen i Hordaland for å stå for overrekkinga av den høgthengande prisen. I tillegg er det også klart at veteranbandet i Uskedal musikklag stiller opp for å skapa ei musikalsk ramme i den vakre naturen mellom fjella ytst i Eikedalen.

I tillegg til passande korpstonar vil bandet også spela til allsong leia av trubadurane Kristian Bringedal og Svein Rimestad. Ei naturleg opning på arrangementet blir songen “Eikedalen” skriven av Engel Stensletten. Vegen fram til korpsarrangement av denne fine songen er også spesiell. For nokre år sidan blei det gjort opptak då son til Engel, Eivind Stensletten, song songen. Eva Megyesi høyrde opptaket og skreiv ned melodistemma. Bjørgulv Eik kom med denne til musikklaget, Svein Sunde tok saka vidare og sende den til Bjørn Aakre i Trondheim som laga eit fint arrangement av songen til bandet. Aakre har forresten blitt ein viktig “medspelar” for bandet dei seinare åra, og fleire av hans arrangement vil bli brukt på Flåtene, både med og utan song.

Gapahuken ligg vakkert til ytst i Eikedalen.

Det vil vera svært kjekt om mange tar turen til Flåtene denne torsdagsettermiddagen. Der er det romsleg med plass og lett å halda den nødvendige korona-avstanden. Håpet er sjølvsagt fint sommarver. For dei som ikkje har vore der før, er det ein lett tur for å komma seg dit. Ein kan velja om ein vil gå opp frå Feet der det er skogsveg heile vegen, eller ein kan gå frå Uskedal vassverk sitt anlegg på Eik. Der går ein hovudsakleg god sti.

Er ein heldige med veret vil dette bli eit strålande arrangement, til ære for dei flotte og verdige prisvinnarane.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.