Sist torsdag runda den vekjende uskedelingen Lars Myklebust utruleg nok 70 år. Jubilèet blei markert med ein storveis bursdagsfest der ungdomshuset Helgheim var fullsett av gjester som ville heidra den flotte jubilanten. Mest overraskande for jubilanten var det nok at hans gode ven Rolf Svendsen, som budde i Uskedalen frå 1982 til 1987, var på plass i gjesteflokken. Over ser vi den overraska og glade jubilanten tar mot gjesten, medan kona Eldbjørg berre er glad, men ikkje så overraska.

Største overraskinga har lagt seg, men gjensynsgleda er framleis stor.

Rolf Svendsen kom flyttande til Uskedalen saman med kona Bente og dottera Linda for å starta i leiarstilling i dåverande Kvinnherad Samyrkjelag. Unge, dyktige Svendsen var då berre 23 år gammal. Familien blei fort kjent i bygda. Rolf kom med i musikklaget. Talentet og erfaringa var nok større enn han beskjedent gav uttrykk for, og han blei den første som trakterte trommesettet i korpset. Før hans tid hadde trommisane vore fordelt på stortromme, skarptrommer og bekken. Rolf Svendsen bidrog sterkt både sosialt og på styrenivå i Uskedal musikklag i tillegg til musikalsk.

Gjennom dei 5 åra Rolf Svendsen og familien budde i Uskedalen fekk dei eit ekstra godt og nært vennskap til Lars og Eldbjørg Myklebust og familien. Etter at Svendsen flytta frå Uskedalen og mot heimtraktene for 34 år sidan, har kontakten naturleg nok blitt mindre. Dei seinare åra har det blitt lenge mellom møta, men kontakten har vore oppretthalden m.a. med telefonar i anledning bursdagar. Rolf Svendsen blei først dagleg leiar/ forlagsjef i Norhordland Forlag som også står for utgjevinga av Norhordland Avis. Seinare har han hatt ulike leiarstillingar og er no plassjef i eit firma som lagar store posar til bruk i oppdrettsnæringa.

På 70-årsdagen til Lars arta alt seg som normalt. På føremiddagen fekk som vanleg jubilanten helsing frå Rolf på sms der han gratulerte så mykje og uttrykte håp om at jubilanten skulle få ei flott feiring av dagen. Alt var som det pleidde!

Klokka 18 dukka Rolf Svensen opp i Helgheimsdøra der jubilanten stod og tok mot alle gjestene saman med kona Eldbjørg. Stor var overraskinga og gleda for jubilanten!! For Eldbjørg var ikkje overraskinga så stor, men glad var ho!! Ho visste nok meir enn ho hadde fortalt den jubilerande ektemannen denne gongen.

Samtalen gjekk lett då Sigurd Myklebust og Rolf Svendsen treftest igjen.

På festen fekk Rolf Svendsen helsa på mange “gamle kjente”. I tillegg fekk han høyra musikarar som han hadde spela saman med, då dei opna festen med eit konsertprogram. Han gav uttrykk for at han likte det han høyrde og var imponert over kvaliteten. Sjølv hadde den talentfulle trommisen dessverre lagt trommestikkene på hylla då han flytta frå Uskedalen.

Saman med resten av gjestene fekk Rolf Svensen oppleva ein fantastisk fest. Han reiste heim med nok eit godt minne frå Uskedalen, i tillegg til alle dei han har frå dei 5 åra familien budde i Uskedalen.

Morgonen etter hadde han eit viktig oppdrag på jobben. Då måtte han vera på plass. Men det var så viktig for han å vera med på feiringa av den gode venen Lars at han reiste fram og tilbake på dagen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.