Uskedal Idrettslag toppar lista av tildelingar frå Grasrotandelen i Uskedalen med kr. 30.458,-. Heile 129 tipparar er registrerte på Idrettslaget og let med dette noko av noko av overskotet frå Norsk Tipping gå tilbake til Uskedalen. Ni frivillige lag i Uskedalen kan med denne ordninga henta ut kr. 62.221,-. Det er om lag på same nivået som det har vore dei siste åra. Bilete syner eit utval av Uskedal Skulemusikk som er tildelt kr.11.466,- frå Grasrotandelen.

Her finn du lista i rett rekkjefylgje ut frå tildeling:

  • Uskedal Idrettslag
  • Uskedal Skulemusikk
  • Røysterett for alle
  • Uskedal Ungdomslag
  • Uskedal Helselag
  • Festidalen
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland
Kjelde: Grenda