Bjørgulv Eik ynsgste ikkje gåver til 90 årsdagen sin på fredag, men heller ei støtte til Uskedal ungdomslag. I kveld møtte Anita Enæs, Britt Stensletten og Hildegunn Klette Hansen frå styret fram på Eik med pemgekassen og bankutskrift som syner kva som kom inn på VIPPS og ved bankoverføring. 90 årsdagen fredag 11. november vart avslutta med broderring og songen Lev vel så vil eg seia. Då nytta Bjørgulv høve til å takka alle for frammøte og for gåva til ungdomslaget, til drift og vedlikehald av Helgheim og til lagshytta Fjelly. Nøyaktig sum er kr. 32.350,-. Så må vi ta med at dagleg mottek jubilanten telefon, ofte frå eldre vener og kjende, og som ynskjer å vera med i støtteaksjonen. Difor vert truleg den totale summen noko høgare enn det som er gjort kjend i kveld.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal