Av 170 lag og organisasjonar i Kvinnherad som vert tildelt Grasrotmidlar finn vi 9 lag frå Uskedalen. Den totale tildelinga i 2022 er heile 2,8 millionar kroner. I overkant av kr. 180.000,- går til Uskedalen. Idrettslaget TRIO toppar lista. Uskedal Idrettslag er ein god nr. 4 med ei løyving på kr. 94.950,- og 124 tipparar. Vidare på lista finn vi Uskedal skulemusikk ( kr. 32.079,- ) og Røysterett for Alle ( kr. 18.565,- ). Dei andre laga med tildeling frå Grasrotandelen er:

Røysterett for Alle tek del i ordninga med Grasrotmidlar frå Norsk Tipping.
  • Uskedal Ungdomslag
  • Festidalen
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag

Bakgrunnen for tildelinga er at du som brukar av Norsk Tipping er registrert som gjevar til eit bestemt lag. Deler av overskotet frå Norsk Tipping går såleis direkte i støtte til frivillige lag som er registrert i Frivilligregisteret.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto