Det var Kjartan Tungesvik som vart den lukkelege eigaren av ørna som vart auksjonert på Stemneplassen på tysdag i denne veka. Kjell Musland er trekunstnaren. Kubben var av lerk og Musland brukte 2 – 3 timar på arbeidet fram til eit ferdig produkt. No har det seg slik at Kjell Musland har drive i treskjerarfaget i mange år. Han har skore fleire hundre dyrefigurar. Mange er å finna i parkar og på friluftsområde, som til dømes i Fatlandsskogen på Halsnøy. Kvar sommar reiser Kjell landet rundt på messer, no sist på Hitra ved Dolmsundet.

Kjell Musland fortel om tanken og arbeidet frå ide til ferdig produkt.

Som ein del av programmet fortalde Kjell Musland om arbeidet han gjer, frå tanken og ideen via arbeidsprosessen til ferdig kunstverk. Det kjem som oftast av seg sjølv. Lerk er eit hardt materieale i jobba med. Andre treslag er langt enklare. Då er det som skjera i smør. Kjell sitt arbeid på tysdag var utan honorar. Han donerte den ferdige ørna til Friluftslaget som dermed gav laget ei inntekt på kr. 4.000,-.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal