Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad og Kvinnherad frivilligsentral inviterer frivillige, lag og organisasjonar til orientering / rettleiing om korleis ein søkjer midlar frå Kvinnherad Stiftinga. Samlinga vert mandag 14.02 kl 17.00 i festsalen på Kulturhuset. Det er friviligåret og Frivilligsentralen vil at det frivillige arbeidet skal blomstra i samfunnet, slik det var før pandemien. Kvinnheradstiftinga er ein stor bidragsytar til frivillig arbeid lokalt og endeleg er søknadsportalen open.

Det vert stundom sagt at det er vanskeleg å vite korleis ein skal søkja. Nokre lurer på kva vedlegg og dokumnetasjon som må vera med for at søknaden skal bli godkjend.

Søknadsportalen i Kvinnheradstiftinga er open og Frilivilligsentralen hiv seg rundt og inviterer til ei kjapp innføring i kva du bør ha med i ein søknad. Det er sjølvsagt ingen garanti for løyving, men du er iallefall betre rusta til å skriva søknad til Stiftinga.

Ein føresetnad for søknad til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er at organisasjonen eller tiltaket er registrert i Brønnøysund registeret. Frivilligsentralen kan rettleiia dei som ynskjer/treng det denne kvelden, slik at de kan få seg eit organisasjonsnummer og vera klar som søkjar.

Tekst: Kristian Bringedal - redigert frå pressemelding
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal