Det vart registrert og dokumentert at Uskedalselva gjekk kvit 14. juli i kveldstida. Observeringa var på Haugland. Det var skum. truleg frå oppvaskmiddel. Seinare vart det funne flasker av oppvaskmidlar av typen First Price brukt for hushaldning. Tomme flasker vart observert ved Gravehølen på Haugland.

Ei identisk hending vart gjort i Figgjoelva på Jæren i sommar. Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren ( tidlegare Fylkesmannen ) har laga sak på utsleppet på Jæren. Oppvaskmidlar i ei elv er uheldig for fiskebestanden. Det vert rekna som miljøfarleg utslepp. Meir informasjon finn ein på NRK sine heimesider.

Vaskemidlar kan vera årsaka til skum i elva 14. juli.

Uskedalen.no kjenner ikkje til bakgrunnen for utsleppet i Gravehølen og skal ikkje spekulera i årsaka. Ein trend den siste tida er at born og ungdom finn seg badeplassar og tilset vaskemidlar for å laga skum. Men som sagt, det er usikkert om det er dette som har skjedd på Haugland. Uskedalen Elveforvaltning er orientert om hendinga.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat