Etter ryddinga med riving av ballbingen i Korsneset er arbeidet starta med reinsking og drenering. Den gamle muren til bingen demte opp ein god del vatn. Det er drenert ut. Tomta vert avgrensa slik at ein held seg innafor eigedomsgrensa og gjeldande reguleringsplan. Roar Musland i Musland Maskin syt for god kvalitet i arbeidet. Grunna stor dugnadsinnsats på rivinga i sommer, kan Korsneset Vel gå i gang med dette arbeidet no. Det er Anita Simensen som fortel dette til Uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland