I samråd med Steinar Haugland i leiinga for Kunsten er det no mellombels sett ut ein større bosdunk med mål om at alle ryddar etter seg og legg søppelet i bosspannet. Det har til tider vore bos i heile område, særleg ved nedgangen til skulen, ved lagerbygget, men også langs gjerde til Neset. Takk til alle som tek oppmodinga på alvor om å halda Kunsten og Aktivitetsparken rein for søppel. Det handlar om trivsel og om at Uskedalen skal stå fram som ei bygd fri for bos, attgløymde kle og anna søppel.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal