Eit prosjekt som kan få stor betydning for bygda.

Etter å ha vore på folkemøtet i Liv OG Lyst-prosjektet i Aktivitetshuset i kveld, har eg verkeleg tru på at Uskedalen kan bli ei endå betre bygd å bu i. Det var den yngre garde som dominerte blant dei 35-40 som møtte opp, og dei fylte salen med positiv entusiasme. No gjeld det at bygdefolk er flinke til å komma med gode forslag til å laga liv i bygda slik at alle får lyst og vil bu her, som Gunn Mari Moberg i Uskedal Utvikling uttrykte seg innleiingsvis. På bildet over ser vi Hanna Kjærland i leiarduoen ønskjer velkommen med den andre leiaren Kari Bråtun og deler av den 8 personar store styringsgruppa i bakgrunnen.

Gunn Mari Moberg i Uskedal Utvikling har vore sentral i arbeidet for å få i gang prosjektet saman med Steinar Haugland

Hanna Kjærland gav ordet vidare til Gunn Mari Moberg som informerte om bakgrunnen for at Uskedal Utvikling hadde søkt om Liv OG Lyst-midlar. Ho fortalde at midlane som er tildelt i første omgang skal brukast til å få fram idear og planar til gode prosjekt slik at det skal bli betre å bu i bygda. I neste omgang kan det kvart av dei neste 3 åra søkjast om 130.000 frå fylket samt eit beløp frå kommunen for å gjennomføra prosjekt ein samlar seg om. I tillegg kan ein søkja andre midlar.
Til å styra dette positive arbeidet har UU no fått ei styringsgruppe av 8 yngre og entusiastiske personar. Gruppa blir leia av Kari Bråtun og Hanna Kjærland.

Ulike lag i Uskedalen var invitert til møtet for å informera om aktiviteten sin. Kari Bråtun gav først ordet til Audun Eik som fortalde om aktiviteten i Uskedal Friluftslag. Deretter fulgte Thor Inge Døssland frå Uskedal Musikklag og Remi Onaheim frå Uskedal Utvikling. Siste par ut var Per Korsvold og Steinar Haugland. Per informerte først om arbeidet i ulike deler av idrettslaget og drifta av Aktivtetshuset før han fekk assistanse av Steinar Haugland når det galt utviklinga og arbeidet vidare med aktivitshallen. Interessant.

Styringsgruppa er samansett av Atle Fredheim (f.v.), Kjell Harald Tungesvik, Bjørnar G. Eik, Maren H. Bjørnebøle, Stefan Hauge, Ann Merethe Åsheim Nilsen og leiarduoen Kari Bråtun og Hanna Kjærland.

Avslutningsvis oppfordra Kari Bråtun alle bygdefolk til å komma med idear og innspel til styringsgruppa. Ho informerte om dei gode kanalane som vi kan levera tipsa og innspela våre gjennom.

  • Senda det til Liv OG Lyst Uskedalen sin epost: lluskedalen.no@gmail.com
  • Skriva forslaga på lapp og leggja i postkasse som er sett opp på Spar Uskedalen.
  • Bruka skjema på Uskedalsida. Ligg under fana LivOGLyst..
  • Liv OG Lyst Uskedalen har eiga facebookside. Lik den og bruk den. Inviter facebookvennene til å like sida!
  • Følg med på informasjon både på LivOGLyst på Uskedalsida og på facebooksida.

Ved utgangen kunne ein også levera gode forslag. Fleire nytta muligheten. Blant dei var Erle Marie Korsvold. Det understrekar at det er viktig at alle aldersgrupper kjem med innspel!
Om tre veker vil styringsgruppa gå gjennom innspela som er levert, og dei vil så bestemma prosessen vidare.

I tillegg til å komma med idear og forslag, er det viktig at vi fortel kva vi kan bidra med gjennom dei same kanalane.

Her har alle muligheter. Kom igjen! Det fortener både dei 8 i styringsgruppa og heile bygda. Dette dreg vi saman!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.