Opplev vårstemning på SVISKEKONSERT.
Musikkorpsa har for lengst pakka vekk nissehuene og juletonane. No er det lette publikumsvennlege vårtonar som gjeld ispedd friske marsjar som får oss til å tenkja fram mot nasjonaldagen. Vårstemningen blir nok kalla fram hos dei som tar turen til Rosendal Samfunnshus førstkommande søndag ettermiddag kl.16. Då inviterer B-gjengen i Rosendal Musikklag til sviskekonsert, og dei vil presentera eit fyldig og publikumsvennleg progam med norsk musikk. Her får ein høyra både Defilermarsj og Holmenkollmarsjen, og innimellom desse får ein oppleva både Våren av Grieg, Det var på Capri og Ut mot havet for å nemna nokre av nummera.
Uskedal Musikklag, yngre enn på lenge, er gjester på konserten, og dei vil bidra med ei mindre avdeling med tysk musikk mellom anna Bøhmishe Liebe, eit flott stykke med tyrolerkarakter, marsjen Gruss an Thüringen og valsen Wir kommen alle in den Himmel. Dei to korpsa vil også framføra eit par fellesnummer.
Samla blir dette eit publikumsprogram som bør kunna skapa svært god stemning i samfunnshuset i Rosendal. Der vil det også bli både kaker, kaffi, saft og god drøs. Dessutan blir det åresal som alltid skaper stemning og spenning.
Mitt beste råd for helga blir derfor: Ta turen til Rosendal samfunnshus søndag kl.16.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Thor Inge Døssland og Torunn Vestbø Skåle