Jan Erik Matre kom med THK-TRAILEREN til Uskedalen i går. Han har køyrt mange turar til Ukraina. Mange hjelparar møtte fram og lastinga gjekk med liv og lyst. Hos Petol på Husnes lasta vi 130 brannslokking apparat og ein del førstehjelp utstyr. Frå kommunen fekk vi sjukesenger og rulatorar.

Denne gongen hadde vi, i tillegg til sko og klede, mykje gode dyner og sengklede. Godt å tenkja på når vinteren står for døra. Turen startar onsdag frå Stavanger til Hirtshals. forbi Berlin, Warschava til grenda mot Ukraina. Omlasting til ukrainsk trailer. Framme i Korosten i neste veke.

Vi får ikkje køyra så langt inn i landet pga krigssituasjonen. Det er ikkje råd å få forsikring på traileren. Vidare skal vi henta retur last 2 plasser i Polen, i sør og i nord, og kjem heim til neste helg.

Tekst: Tormod Myklebust
Foto/nett: Kristian Bringedal