Ein lesar har teke kontakt med uskedalen.no for å åtvara andre slik at dei er vakne mot svindelforsøk. Sjølv har ho fått mykje vanskar med betalingskrav på varer og tenester ho alt har betalt. Ho fortel at ho har kopi av alle nødvendige kvitteringar, men likevel er sakene ikkje løyst og vekommande er stemna for tingretten 9.februar. Det opphavelege beløpet har då mangedobla seg, og er kome opp i rundt 10.000 kroner. I og med at vedkommande driv eit lite føretak har lesaren vår også hjelp av rekneskapsfirma, og rekneskapsføraren har hjelpt til å dokumentera at aktuelle fakturaer som det har komme inkassovarsel på, er betalt. Når vedkommande har spurt om å få ut fullstendig faktura frå krevjaren, har det ikkje lukkast.

Kjøpa det er komme krav på skriv seg frå eit par år tilbake, så oppfordringa er at ein må vera nøye med å ta vare på kvitteringar. Vedkommande seier at det enklaste hadde vore å betale beløpet, men då fryktar ho berre at det skal komme stadig fleire krav. Ho har enno eit håp om at det skal løysa seg, og etter at ho har snakka med uskedalen.no, vil ho ta ny kontakt med politiet.

Den fortvila situasjonen skriv seg frå ein telefonrekning og netthandel, seier ho, medan ho viser haugen med dokumentasjon og andre papir. Ho håpar på løysing, og vil dela historia for at andre skal vera ekstra på vakt.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland