Rulleparken som også vert kalla Pumptrack, vert offisielt opna i morgon, laurdag 26. august, kl. 12.00. Etter asfaltering og ferdigstilling er den populære rulleparken mykje brukt. Det er born og ungdom der heile tida, i alle friminuttane på skulen og elles etter skuletid. Programmet for opninga ser slik ut:

  • Kl. 11.00: Klagjering til offisiell opning
  • kl. 11.30: Borna kjem på plass og stiller opp
  • kl. 12.00: Offisiell opning v/ varaordførar og representant frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad, litt informasjon og intevju
  • VI tel ned og borna tek rulleparken ibruk.
  • Kake og kaffi etterpå.

Opninga er ein del av programmet for LivOGLyst denne dagen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal