Opning av buldreloftet onsdag kl.19.
Blir markert med pizza, brus og god stemning.
Med julehelga vel i hamn, er det onsdag klart for ei viktig hending i aktiviteten til den driftige klatregruppa i UIL. Kl.19 blir alle interesserte invitert til offisiell opning av buldreloftet som klatregruppa har bygd opp på dugnad på loftet i Gamleskulen. Buldreloftet har vore ein del i bruk sidan i sommar, m.a. på friluftscampen sist sommar (bildet), men no er det endeleg klart for den offesielle opninga.
Klatregruppa med Emil Stafsnes og Chris Fossli i spissen har lagt ned mange dugnadstimar. No har dei fått ein fin arena for buldring, ei form for klatring utan sikring innandørs, men i trygge former.
Dei som har sett buldringkonkurransar på TV, veit at det er ein spennande og sjåverdig idrett som krev både korppsbeherskelse, styrke og akrobatikk.
To av dei beste unge utøvarane i landet er barnebarn av Liv og Audun Eik, Sunniva og Tuva Eik Haave.
Opninga av buldreloftet blir markert med pizza, brus og god stemning for dei som kjem.
Det er altså onsdag 28.desember kl.19 det skjer på buldreloftet i Gamleskulen. Ein går opp trappa i gangen utanfor Kafè Tiaren.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland