Av dei som går mykje på Hauglandsfjellet og i område rundt Mannsvatn er det registrert open råk. Det er uvanleg i ein periode med stabil kulde og der isen elles på det jevne er mellom 20 og 30 cm. tjukk. Den opne råka har skapt undring og det vert spurt om ei forklaring.

Mannsvatnet er regulert og SKL sender kvar vinter ut varsel om ferdsle i og ved rergulert vatn. Om regulert vatn har noko med ope vatn å gjera, er uvisst. Djupne, vind, straum kan vera ei forklaring. Eller kan årsaka vera ei rask nedtapping.

Uskedaln.no har snakka med Hege M. W. Økland i SKL. Ho fortel at det kan vera understraumar i samband med nedtapping. Vind kan også vera ein medverkande årsak. SKL vil som vanleg varsla om ope vatn og råk på regulerte vatn. Kjem som eiga melding.

Uansett, så er det fyrste gongen dette skjer i ein så stabil kulturperiode som vi har hatt dei siste vekene.

Dersom du har ei forklaring eller meining på dette fenomenet, send oss ei melding.

Kan nokon minnast ope vatn i ein stabil kuldeperiode, slik det har vore no.
Tekst/nett. Kristian Bringedal
Foto: Knut Inge Eidsvik