Uskedal Utvikling inviterer til ope møte onsdag 15. september i Gamleskulen. Tema er: Gang- og sykkelveg Uskedal Bru – Steinsletto. Remi Onarheim, styreleiar i Uskedal Utvikling, ser fram til eit godt frammøte. Det gjeld særleg foreldre, grunneigarar og andre som bur langs fylkesvegen, men også alle andre som brukar vegen og ser kor trafikkfårleg det er på denne strekninga. Bilete syner Buasvingen med stup på den eine sida og fjellet på den andre sida.

Gang- og sykkelveg til Steinsletto og Børnes Næringsområde er avgjerande for vidare utvikling og det få til ein trygg skuleveg for borna og for alle som tek seg fram til sentrum for handel eller andre tenester. Så langt vi kjenner til, er ikkje gang- og sykkelveg på denne strekninga omskriven i gjeldande kommunal trafikksikringsplan. Det er uhelding og merkeleg når ein veit kor skummelt det er å gå eller sykla her.

Det meste av vegen er slik at det er umogeleg å koma seg ut av vegbanen om noko uventa skjer.

Remi Onarheim ynskjer å få til ei lokal prosjektgruppe med medlemer frå lokalmiljøet som særleg jobbar inn mot kommune og politisk nivå. I framlegg til reguleringsplan Børneset er det regulert inn nokre hundre meter med gangveg frå busslomme til avkøyrsle til bustader. Det kan vera ein god start. Representant frå Kvinnherad kommune vert invitert til å vera med på møte.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal