Uskedal utvikling inviterte til ope møte med dei nyvalde politikarane frå Uskedalen. Alle møtte, fire ferske og to med erfaring frå før. Etter presentasjon og kort informasjon om aktuelle saker, var det spørsmål og innlegg frå dei om lag 25 frammøtte. Det to timar lange møte med mange tema, spørsmål og svar kjem over to innlegg på uskedalen.no.

Panelet. F.v: Tove Lill Lakselv, Thomas Eide. Jostein Saghaug, Oddbjørn Kroka, Bjørn Olav Tveit og Wermund Vetrhus
  • Fyrst ut var Audun Eik. Han hadde fokus på Bjarne Hauge sitt bygdebokarbeid og kva kommunen gjer med revisjon. Vidare fortalde han om to aktuelle saker for betre trafikktryggleik på Kjærlandssido. Han var også inne på Dugnadsgruppa sitt arbeid med å ta vare på Bygdetunet Rød
  • Magne Huglen opna ein lengre debatt som gjekk på strandsona, kai- og naustbygging. Dei konkrete døma var henta frå Beinavikjo, men han var også inne på naustet på Eikelandet som brann ned, og som ikkje let seg byggja opp att
  • Steinar Haugland og Therese Bondhus informerte om arbeidet som vert gjort med drifta av Aktivitetshuset. Dei ynskjer dialog med kommunen om ein ny driftsmodell der kommunen tek ein større del av drifta og at styret for huset tenkjer aktivitet og utvikling
  • Arnhild Myklebust bad om betre samanheng i busstilbodet til Bergen, særleg etter at den nye Osvegen kom på plass. I dag er det dårleg kommunikasjon og mangelfull informasjon. Einar Rune Søfteland var inne på same tema. Han kjem frå Os, bur i Beiavikjo og brukar dette sambandet ofte
  • Svein Arne Eidsvik ville ha betre veg til Bergen. Standarden er særleg dårleg i Kvinnherad. Han var også inne på kommunen som planansvarleg. Han bad politikarane gjera sjølvstenige val før Statsforvaltaren kjem inn med sine vurderingar
  • Fleire innlegg gjekk på eit varig ungdomsklubbtilbod i Uskedalen. Kjellaren i Gamleskulen kan nyttast. Styret for Aktivitetshuset tenkjer nytt og vil opna opp for uorganiserte tilbod for denne aldersgruppa i hallen.
  • Marit Hjønnevåg bad om vedtak som sigrar brannstasjonen i bygda. Ho var også inne på tema som skule/barnehage, turisme og betre prakeringsareale i sentrum
  • Liv Astrid Myhre fortalde kort om Trafikksikringsgruppa og det arbeidet dei gjer for gang- og sykkelveg til Steinsletto
  • Ove Magne Myhre fortalde om arbeidet med utbetring av svingen der han bur
  • Ivar Gundersen bad om konkete svar om tiltak for ungdom
  • Remi Onarheim ville ha fleire ungdomstilbod, gjerne knytt opp til Aktivitetshuset.

I neste innlegg kjem nokre av svara frå politikarane og kva ein gjer for å sikra ei tett oppfylgjing vidare i aktuell kommunale saker. Gunn Mari Moberg var møteleiar.

Arnhild Myklebust (t.h.) bad om betre samanheng i busstilbodet til Bergen.




Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal