Komande veke blir det ope berre i helga på thaivogna.

Phakapun og Asle Kvittingen frå Samnanger som eig og driv Phaka’s Thaimat ved Gamleskulen annonserer no at dei er interessert i å kjøpa eller leiga huscampingvogn på Rabben Feriesenter. Viss det blir leige, er det snakk om langtidsleige. Dei håpar på ei snarleg avklaring, og dei som har noko å tilby, kan ta kontakt på mobil, – enten 48 18 39 98 eller 48 29 49 40.
Dei fortel også at det blir redusert opning på den populære thaivogna komande veke. Då blir det ikkje ope i vekedagane. Det blir berre ope fredag, lørdag og søndag denne veka.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland