Omkom etter skaden i hjullastarulukka måndag kveld.
Magne Huglen ( f. 1952 ) døydde etter skaden han fekk i hjullastarulukka måndag kveld i 19 tida. I samråd med familien informerer Politiet i ei pressemelding om at den skadde døydde seint onsdag kveld. Magne fekk omfattande skader og etter knappe tre døger på Haukeland Universitetssjukehus stod livet ikkje til å redda.
Magne Huglen har vore ein markert og profilert person i Uskedalen og i Kvinnherad, heilt sidan han kom frå Huglo på 1970 talet og overtok gardsbruk på Dønhaug etter onkel og tanta si, Sigurd og Margreta Dønhaug. Med pedagogisk utdanning frå lærarskulen på Stord var han fram til pensjonsalder lærar på Husnes Ungdomsskule. I ein periode var han rektor på Seimsfoss.
Magne Huglen er innehavar av Dønhaug Gjestegard med utleige, overnatting og arrangement. Mange har vore i Dønhaugkjedlaren og på låvedansane. Festidalen har i mange år brukt plassen til festivalområde. Magne hadde ei stor kontaktflate innan mange samfunnsområde. Som arrangør var han særleg kjend i musikkbransjen, men også i kulturlivet generelt.
Huglen var styreleiar nokre år i Uskedal ungdomslag, mellom anna i jubileumsåret 1988. Han har vore ein sentral person i Humlepungen Bryggjarlag, i alle år sidan oppstarten på 1990 talet.
Magne var politisk aktiv i ein periode, som kommunestyrerepresentant for Ap, leiar i utval og no sist som medlem i Eldrerådet.
Magne vert djupt sakna. Fred over minnet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto frå Dønhaugkjedlaren - konsert med Andrea Rice