Mange kundar også i Uskedalen er utan nett.

Det er gjort omfattande skadeverk på Kvinnherad Breiband sitt anlegg fleire stader på strekningen frå Husnes til Omvikdalen. Det har medført at mange kundar er utan internett og andre tenester frå dei som TV. Det er også gjort skade på BKK sitt nett, noko dei ser alvorleg på utan at nokon har mista straumen.
Her i Uskedalen er det gjort skade på breibandsentralane både ved nedkjørsla til skulen og ved Korsnes. Tirsdag middag er Gunnar Våge og ferievikar Geir Hillestad i gang med reperasjonsarbeid ved skulen. For underteikna ser det ut som eit stort arbeid med alle fiberkablar som er kutta. Det stemmer og med opplysningane frå fagmannen Gunnar Våge som seier at det er fleire dagars arbeid. Abonnentar blir kopla til litt etter litt etter kvart som arbeidet går fram. På bildet over viser Geir Hillestad fiberkablane som er kutta.

Det første skadeverket blei oppdaga mandag kveld. Gjerningspersonen er også innhenta av politiet. I følge opplysningar vi har, er det ei kvinne som blei observert då ho kutta kablar ved Onarheimslia. Observasjonen blei meldt til politiet som aksjonerte raskt.
– Ein patrulje rykte ut og tok hand om kvinna. Ho blei seinare tatt hand om av helsevesen, opplyser fungerande politistasjonssjef Torgeir Fosse til Kvinnheringen.

Dagleg leiar i KB, Gunnhild Nilsen Hillestad, rosar politiet. Ho beklagar også overfor kundar som er blitt skadelidande og lovar å gjera alt dei kan for å få reparert dei omfattande skadene som fort som mogeleg. For å klara dette har dei kalla inn folk frå ferie som har hatt mulighet til å komma på jobb.

Ho beklager også at dei ikkje har kapasitet til å ta mot telefonane frå dei som ringer, og ber dei i staden om å følgja med på informasjonen som breibandselskapet fortløpande sender ut.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland