"Old-boys" fotballtrening

Det vert førstkommande torsdag starta opp med innefotball i Aktivitetshallen. I første omgang vert det ein gang i veka. Men dersom det er stor interesse, vil vi utvide tilbudet.
I utgangspunktet kan det sjå ut som “old-boys” fotball, ettersom interessen bland menn har vore størst. Men det er ingen begrensning på kjønn eller øvre alder.
Vi starter opp førstkommande torsdag kl 20:00
Alle er velkommen, og treninga er gratis så lenge ein er medlem i Uskedalen Idrettslag. Også folk fra andre bygder kan vera med. Dette er eit tilbud til dei som likar å spela fotball, men av ulike grunner ikkje deltar i organisert fotball.
Dette skal vera for fotballglede, utan fokus på prestasjon. Samtidig ynskjer vi aktivitet, gjerne fleire sammen, som i fotball.
Dersom dette vert godt motteke, vert det sett opp fleire treningsdagar eller treningstider. Det vert også mulighet til faste tider ved kunstgrasbanen eller på Heio når været tillet det.
Om det er jenter/damer som ynskjer å starte opp reine dameklasser, ta gjerne kontakt. Eller om nokon ynskjer å starte opp med bandy, har vi planane klare.
Vi har ledige tider i hallen til mykje aktivitet. Og vi har kjøpt inn rikelig med isposar og støttebandasje….
Dersom spørsmål, ta kontakt med Per Korsvold: 48160803
Tekst: Per Korsvold Foto: Arkiv