Ola Matti Mathisen i redaksjonen på Skansen – med PC og uskedalssidaOla Matti Mathisen, redaktør på Uskedalen.no i 10 år, døydde i dag med sine næraste rundt seg. Eit pressehistorisk fenomen vart han kalla av Kristian Hosar i boka om Avishuset Gudbrandsdølen. Då han vart pensjonist 62 år gamal våren 2004, hadde han vore avismann i 47 år. Redaksjonen takkar Matti for det store og verdfulle arbeidet han la ned for nettsida Uskedalen.no. Ikkje minst: Takk for venskap, rettleiing og støtte i arbeidet med å halda oppe nettsida.

Matti, som han vart kalla til dagleg, debuterte som fotograf i Østlendingen 12 år gamal. Alt som 15 åring vart han fast tilsett som journalist i full stilling i Østlendingen, på kontoret i Kongsvinger. Matti flytta så til Hamar og fekk jobb i Stiftstidende som sportsjournalist og seinare reportasjesjef.18 år gamal dekka han
sitt fyrste OL. Det var sommarleikane i Roma. Han køyrde bil til Roma og la seg i telt ved flyplassen for å få sendt reportasjar og bilete raskt heim.

I 1969 var det ny flytting, til Lillehammer og avisa Gudbrandsdølen og LillehammeTilskuer, i dag forkorta til GT. Det som særmerkte Ola Matti Mathisen som journalist, var spreke reportasjar og intervju, kritiske TV-kommentarar og levande møtereferat. Matti oppsøkte folket. Knapt nokon journalist i Lillehammer har hatt ei slik kontaktflate og tillit hos lesarane. Han skreiv om alt, frå norsk og internasjonal politikk, sport og katastofar til notis om den fyrste hestehoven i byen.

Matti var ein sterk entusiast for OL på Lillehammer i 1994. Med si skriving var han med og skapte OL stemning, og ettertida har synt at OL tilførte regionen svært mykje positivt. Då Ola Matti slutta i GT i 2004, vart han spurt om avisa si framtid. Han var tydeleg på at regionsavisene ikkje måtte missa kontakten med det lokale. Alt på trykk treng ikkje vera stort og vesentleg. Lokalavisene har framgang fordi dei har denne kontakten. For sitt store arbeid for norsk presse er Ola Matti Mathisen tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Jula 2005 flytta familien Mathisen til Skansen i Uskedalen. Han vart av Uskedal Utvikling spurt om ta redaktøransvaret for nettsida uskedalen.no. Den fyrste saka kom på nett 4. juli 2006. Det handla om rivinga på Eikelandet og starten på det som vart Eikelandet Brygge. I 10 år fram til sin avgang har Matti produsert om lag 12000 saker. Han førte ei streng og profesjonell journalistisk line lokalt der ikkje noko var for lite og ikkje noko var for stort, men utan å driva gravejournalistikk. Eit tema har han med nokre unnatak halde seg unna, personalia.

Uskedal utvikling markerte Matti sin avgang med eit innslag i hovudprogrammet 17. mai 2016. Heile bygda takka han for lang og tru teneste for å fremja bygdeutvikling, skapa identitet og forsterka det gode omdømet Uskedalen har.

I den same 10 årsperioden var Ola Matti Mathisen med i Hobbyklubben på Bedehuset med ansvar for Uskedalsposten, den fyste tida saman med Åse Neset, seinare i samarbeid med Britt Torill M. og Tore Mathiesen. Uskedalsposten kom med to nummer i året og mykje interessant stoff fann sin plass i bladet. Matti har saman med gode medhjelparar produsert og fått på trykk mange artiklar og reportasjar. I tillegg skreiv han leiaren med omtale av Uskedalen, den unike dalen med vekst og eit stort potensiale for utvikling og forbetringar på mange område.

Redaksjonen og styret i Uskedal utvikling syner med dette medkjensle i sorga. Den samfunnsengasjerte og nysgjerrige avismannen med fotoapparatet, skulderveska og notisblokka er borte. Slik er det vi vil minnast han.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
 Foto: Privat