Uskedal Friluftslag gjer kjend at det er skade på vegen fram til P plass og møterommet på Stemneplassen. Vegen sig og asfalten brotnar. Difor må alle faste brukarar og andre, som har møta sine der, vera varsame. Dersom det er ledig, set bilen ved Bedehuset eller i sentrum. Vegen fram til scenen og møterommet er frå 1973 då Noregs Ungdomslag hadde landsstemna si i Kvinnherad. Mykje og tyngre trafikk gjer at vegen treng opprustning og forsterking. Styret er på saka. Det føreligg plan og kostnadsoverslag. For å gjera vegen trygg, kjem det betongkant og rekkverk i stål. Prosjektet er ikkje finansiert. Difor må Friluftslaget venta til økonomien er på plass.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal