Det er idrettsmerketid, og eldsjela bak dette her i Uskedalen, Kjersti Bråtun, melder at det blir endring på datoane som tidlegare blei annonsert.
No kan alle som ønskjer å ta merket, møta på Heio tirsdag 12., altså i morgon, og tirsdag 19. september. Begge dagar er det frå kl.17.30 og utover.
Viss det er nokon tidspunkta ikkje passar for, er som alltid Kjersti fleksibel. Då kan dei ta kontakt med henne på tlf. 415 67 095 og avtala tid.
Vi håpar at det framleis er mange uskedelingar som vil ta idrettsmerke og bruka det som motivasjon for å halda forma ved like.

tid.