Beredskapsgruppa i Kvinnherad kommune har avgjort at vi går over frå gult til grønt nivå i skular og barnehagar. Dette er eit første steg på veg inn til ein meir normal kvardag. Men det er framleis viktig at ein tenkjer på dette med smittevern – grønt nivå er ikkje heilt tilbake til normalen – det er framleis ein del tiltak i skulane og barnehagane, men det er i alle fall det lågaste nivået vi har no i pandemien.

Kvinnherad kommune skal gå over til eit elektronisk system for timebestilling for vaksine. Dette er eit system kalla Remin. Dei som er i den aktuelle gruppa og skal vaksinerast, vil motta ein sms. I den sms’en er det ei lenkje til Remin. Trykk inn på lenkja – då må du fylla ut ein del ting, mellom anna ein eigenerklærning, og så vel du ein time som passar for deg, så vil du få ein sms-bekreftelse med tid, dato og stad. Du kan velja mellom Husnes og Rosendal.

Dette tenkjer vi å koma i gang med i neste veke. Den gruppa, som no er aktuell, det er risikogruppe 5, det er 55 – 64 år med moderat risiko. Desse vil få ein sms – truleg i byrjinga av neste veke, og kan då booka ein time 10. juni. Vi håpar at dette vil fungera godt. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å leggja ut timar meir enn éi til to veker fram i tid då vi ikkje veit kor mange vaksinar vi får meir enn halvanna veke i forkant. Dette kan kanskje endra seg litt utover sommaren, at vi kan leggja ut timar inn til fire veker fram i tid, men dette må vi ta fortlaupande. Når du er vaksinert – den dagen du vaksinerast – så vil du få ein ny time seks veker fram i tid. Då er det berre å nyta helga – det er meldt strålande vêr. Ha ein god dag!

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal