Me opnar dørene klokka 19.30 på nyttårsaftan og dansen startar rett etterpå. Det vert ikkje servert mat, men utpå kvelden vert det kaffi og kaker. Når det gjeld drikke tek ein med seg det ein sjølv vil ha. For å melda seg på kan ein vippsa betaling til Ragna Volden på nr. 938 55 077. Hugs å skriva namn på den/dei du betaler for. Dersom ein ikkje har vipps kan ein ringe Ragna (same nummer) og avtala betalingsmåte. Pris per. person: 300 kroner. Påmeldingsfrist har me sett til 4. desember. Me håper mange danseglade vil vera med på å dansa det nye året inn. Velkommen!


Helsing komitèen med Ragna og Malvin Volden, Aud og Lars Terje Åsen, Berit og Ivar Kåre Døssland, og Erna og Peder Hauge.

Tekst: Komiteen
Foto: Trinity
Nett: Kristian Bringedal