Magne Heggøy på Rabben Feriesenter er i innspurten på renovering og oppgradering av vaskerom, kjøkken og sanotæranlegg. Det meste var klart då uskedalen.no var innom palmelaurdag. Kroka Maskin og Naturstein og Heggøy hadde det travelt med å få alt på plass til innrykket av påskegjester. I fjor var det stengd anlegg. I år er det ope med klare nasjonale føringar og restriksjonar.

Renoveringa gjeld i store trekk tre objekt:

  • Nytt vaskrom og kjøkken med nytt golv, nye vegger, ny kjøkkeninnreiing og ny dør. All røyr og elanlegg er skifta.
  • Oppgradering av eksisterande toalett og dusjanlegg. Her er det mellom anna kome nye vegger og fornying av elektriske installasjonar. Nokre toalett er skifta.
  • Ny og større verkstad med nye vegger og varmeberedarar som aukar kapasiteten frå 300 til 600 liter. Rommet er ombygd. All røyr er lagd røyr i røyr som gjer at rommet er sikra dersom det vert lekkasje. Det er dette rommet som har fryseboksar som vert brukte av fiskegjestene.

Magne Heggøy gjer mykje av arbeidet sjølv. Det er leigd inn firma som tek røyrarbeid og alle elektriske installasjonar. Kroka Maskin og Naturstein er røyrleggjaren. For han er det er ein mellomstor og kjekk jobb. Kroka har såleis stått for oppgradering som inneber montering av mykje nytt utstyr, mellom anna er det montert heile 40 uttak – veggboksar.

Klargjering av sanitærbygget til påsken. F.v: Dagleg leiar i Kroka Maskin og Naturstein og Magne Heggøy.

No kan påskegjestene koma. Rabben Feriesenter kan ta mot 20 bubilar. Fire store hytter vert leigde ut. Fleire faste gjester har meldt frå om at dei kjem. Restriksjonane er tydelege. Kvar brukar i hytte og bubil kan ha to gjester på besøk, men ikkje på overnatting.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal