Det nye vaskeriet på Brekketoppen er eit stort løft for drifta av Kvinnherad Vekstbedrift. Dette seier styreleiar Bjarte Erstad i eit kort møte med ukedalen.no. Vaskeriet er topp moderne og stettar alle miljøkrav og krav til eit godt arbeidsmiljø. Til opninga på fredag var alle tilsette i verksemda med, i tillegg til viktige kundar og leverandørar av utstyr til vaskeriet. Bilete på topp syner f.v dagleg leiar, Tor Vidar Sæle, og styreleiar Bjarte Erstad.

Vaskeriet er godt syneleg med nye skiltprofilar.

Kvinnherad Vekstbedrift AS (KV AS), etablert som AFA AS i 1990, og er ei produksjonsverksemd og ein tiltaksarrangør for NAV innan varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT). Verksemda har 30 godkjende VTA-stillingar og 13 godkjende AFT-stillingar via NAV.

I tillegg er 12 personar ordinært tilsett i verksemda, medan rundt 15 personar er inne for kortare tid gjennom t.d. samarbeid med Kvinnherad VGS og vaksenopplæringa, Aktiv Fritid eller NAV. Til saman er rundt 70 personar knytt til bedrifta.


Tiltaksmottakarane får trygd eller arbeidsavklaringspengar frå NAV. I tillegg får KV AS både statlege og kommunale midlar per tiltaksplass for å leggje til rette for arbeid for den enkelte arbeidstakar. Kommunen sitt tilskot er 30 % av det statlege tilskotet per tiltaksplass. Resten av driftsmidlane som trengst, må bedrifta skaffa seg sjølv gjennom produksjon og sal. Bedrifta betalar ikkje skatt av overskotet, og eigarane har ikkje høve til å ta ut utbyte. Alt overskot går tilbake til drifta.


Bedrifta er delt inn i sju avdelingar. Dei ulike avdelingane har kvar sin arbeidsleiar som har ansvar for 4-8 tiltaksdeltakarar på VTA og/eller AFT. Selskapet driv vaskeri, frisør, kafé, treverkstad, og med jern og betong, ved, tekstil, vedlikehald og montering, kantine og catering, jobbfrukt og snekring av pallar.
Kvinnherad kommune eig 90 % av selskapet, medan bedriftsklubben eig 10 %.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Saka om forvaltingsrevisjon med eigarskapskontroll