Arbeidet med nytt tak og nye takrenner er avslutta. Byggmeistar Trygve Øvstebø har vore byggmeister. Jan Øvstebø, bror til Trygve, og Jon har vore med på arbeidet. Trygve fortel til uskedalen.bo at taket er retta og fora litt opp med 2×2. Det er lagt nytt sutak, papp , rekter og lekter og steinen er tilbakeført. Nokre sperr er forsterka over gammalt sutak. Det er komne nokre nye taksteinar. Det er skotrenne og tetting mellom husa, loddbord og nye takrenner i heiltre som er behandla oppi med bek. Skorsteinane har nye plattlodd er er pussa.

Frå arbeidet med takvøle på Bygdetunet Rød.
Våningshuset på Bygdetunet Rød med nytt tak og nye takrenner.

I det kommunale budsjettet var det løyvd 1 mill. kr. til føremålet. No er restaureringa gjort så langt. Våningshuset er tett. Huset treng også nye vindaugo og anna førefallande vedlikehald.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal