Nytt tak på hus med lokalhistorisk interesse.
Dei siste vekene er det lagt nytt tak på det eldste huset som står att frå hermetikk- og handelstida i Beinavikjo. Noverande eigar er godt nøgd med jobben som er utført av byggmeister Geir Inge Koløy. Det var synlege lekkasjar og noko måtte gjerast. All skifer ( 12 – 18 ) er plukka ned og nytt tak av typen Decra Elegance ACO lyddempende takplater er komen på plass. Arealet er 200 m2.

Geir Inge Koløy fortel til uskedalen.no at det nye taket er av korrosjonbestandig stål. Platene er beskytta med ei legering av aluminium, magnesium og sink. Før montering av takplatene var det riving, skifta sutak der det var råte, lagt rekter og gjort klart for nytt tak og sløyser. Det er lagt pipebeslag på skorssteinane. Arbeidet har gått etter oppsett plan i det fine og kalde veret.
Alt av byggvarer er handla lokalt frå Byggeriet, som ligg like ved. Dei fyrste dagane med klagjering og sikring var det tre mann i arbeid. Seinare har Geir Inge hatt med seg Marius Lunde. Mykje av den gamle skiferen har gjenbruksverdi. Det har alt meldt seg kjøparar.
Det var Ivar Arnesen som fekk bygd huset. Kristbjørg og Sverre Arnesen med famlie budde her. Ei tid var det systove på lemen. Meir om dette kan du lesa i Årbok 1 i serien Den nære fortida. Artikkelen Sverremann og sydamene er skriven av Thor Inge Døssland.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal Foto: Sverre Ove Arnesen - kopi Årbok 1, Den nære fortida.