Nytt storfjøs reiser seg på Haugland.
I dag starta reisingsarbeidet på det nye store fjøset til Svanhill og Lars Haugland. Då uskedalen.no svinga innom i 17-tida i ettermiddag viste dagens arbeid i regnveret svært godt igjen. Svære berande stålkonstruksjonar var heisa på plass med krane og montert. Det var folk frå Grude Bygg som var i gang, medan Osnes AS som har støypearbeidet på bygget, var i ferd med å avslutta i denne omgang. I tillegg var bonden sjølv, Lars Haugland, i full aktivitet saman med sonen Øystein.
Det er imponerande å vera vitne til framdrifta og sjå kor radig arbeidet går på fram. I løpet av dei komande 3 vekene reknar dei med at Grude Bygg skal ha reist det store bygget som skal ha plass til 49 melkekyr. Nybygget er på 909 kvm, og då er ein svær silo som er 13 m høg og 8 m i diameter integrert i bygget.
Etter at bygget er reist kjem Osnes AS tilbake for å gjera klart innvendig. Det arbeidet er rekna til å ta eit par veker, og då er det klart for siste finpuss med m.a. montering av melkerobot. Dei reknar med og håpar at det nye fjøset til melkekyrne skal kunna takast i bruk i november månad.
I tillegg skal det noverande fjøset byggast om til fjøs for ungdyra. Dermed vert det totale arealet godt over eit mål.
Det er det andre store fjøset som blir bygt på Haugland i år. Tor Ove og Stian Haugland er godt i gang med å bruka det nye fjøset sitt. Også der var Osnes AS og Grude Bygg ansvarlege for støypearbeid og reising av bygget.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland