I denne veka har det vore arbeid i nettstasjonen som forsyner deler av Halsabrotet byggefelt og Brekketoppen med straum. Det er BKK som oppdaterer nettstasjonen frå 1970 talet med nytt høgspentanlegg. Det gamle er demontert og teke bort. Arbeidsplanleggjar Svein Ove Bråtun fortel til uskedalen.no at arbeidet er ein del av ei årleg oppdatering der ein prøver å fornya to trafostasjonar i året. Ein nettstasjon er ein trafo der høgspenten kjem inn, vert transformert ned til lågspent og sendt ut på nettet til kundane i område. Indre del av Halsabrotet har eigen nettstasjon. Arbeidet over 2 – 3 dagar gjekk etter oppsett plan. Eit større dieselaggregat forsynte brukarane med straum i den perioden anlegget var ute av drift.

Montørane Kristina Bakka og Kristian Myklebust frå BKK hadde arbeidet med oppdateringa.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal