Alle, som er festar av graver på den gamle delen av kyrkjegarden i Uskedalen, har motteke brev om arbeidet med nytt gravkart som er tilpassa dagens lovpålagde krav. Tiltaket kan medføra justering av nokre gravminne slik at dei vil stå rett i høve til grava. Nokre graver vil halda fram med eksisterande gravnummer, andre vil få nye nummer. Verna gravminne, som i dag står på desse gravfelta, vert flytta til ein eigna stad på kyrkjegarden. Det er gravplassarbeider Alf Jarle Langeland som syner uskedalen.no rundt og fortel om bakgrunnen for registreringa. Sist det var ei omfattande gravregistrering. går tilbake til 1990 talet. Ny gravregistrering i Uskedalen gjeld på desse felta: A-B-C-D-E. Brevet til festarane er i denne omgang eit varsel. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Kykjekontoret.

Verna gravminne vert flytta og samla. Ledig plass langs kyrkjeveggen kan vera ein aktuell plass.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal