I desse dagar kjem det nytt gjerde i Busslomma ved nedkøyrsla til skulen. Nota og stolpane har vore i dårleg stand i lengre tid. Gjerde har delvis vore borte og mange av stolpane er defekte. Deler av gjerde vart skada ved ei bilulukke for nokre år sidan. I denne veka er nytt gjerde på plass med ny not og utskifting av i overkant av 20 stolpar. Det er Nils Gunnar Skåle i MESTA som gjer jobben på oppdrag for Fylkeskommunen. Skåle tok ned det som var att av den skadde nota for to veker sidan. Nytt gjerde skal vera likt slik det var. Nils Gunnar Skåle frå Rosendal er fagarbeidar. Han har læretida si frå e- verket.

Fagarbeidar Nils Gunnar Skåle i MESTA har med aggregat og alt han treng av utstyr for å montera nytt gjerde ved Busslomma.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal