Kjellarkveld i Gamleskulen, i regi av Uskedal Utvikling kan gå inn i ein ny fase. Den flotte kjellaren med reine murveggar er godt eigna til mange arrangement, ikkje minst song- og musikkkveldar med enkel servering. Rustne Menn er fyrst ut, fredag 6. mars. Gruppa har vore på synfaring i dag og ser klart for seg at dette kan bli ein gild kveld med variert musikk.

Rustne Menn øver inn mykje nytt stoff for tida, alt frå Let i be med tekst/melodi av John Lennon og Paul McCharteny til Mandag morra blues av Stein Ove Berg. Irsk musikk høyrer heime i kjellaren med låtane The Fields of Athennry og The Town I loved so well , begge i norsk omsetjing av Svein Rimestad.

Skotsk musikk må sjølvsagt vera med, slik som Kvannsanketid og den kjende publåten Shetland song ( Wild Rover ). Ein vil også få høyra country og sololåtar med Hans Getrz på munnspel. Allsong høyrer med, mellom anna med tekstar henta frå kystenes trubadur, Johannes Kleppevik.

Kjellarkveld i Gamleskulen er fyrste fredagen i månaden, kl. 19 – 23. Det er opne kveldar for alle. Meir informasjon kjem frå arrangøren Uskedal Utvikling.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Jan Gjertsen