Laurdag for snart to veker sidan vart det prøvd noko nytt i formidlinga på Bygdetunet Rød. Born i alderen 6 til 13 år fekk læra i spikka båtmodellar, smøreknivar og sprettertar. Tilskipar var Barnas Turlag i Kvinnherad og det var tilstrøyming frå heile kommunen.

Spikkedagen var vellukka på alle måtar. Heile område ute på tunet vart brukt, også Rødsbekken. Tunet og område er som skapt for aktivitetar for born. Tenk berre å kunna leika Gøyma og leita, veggball, tak hys (Andy), munka, jojo, hoppa strikk og ikkje minst songleikar. Vatn i bekken innbyr til ulike aktivtetar, til dømes det å laga og montera kvernkall.

Mange born er samla på Bygdetunet Rød.

Bruk av Bøkkerverkstaden og stranda er eit godt alternativ. Her kan ein kombinera kulturhistoriske aktivitetar med båtliv og det å vera trygg ved sjøen.

Bygdetunet Rød, Bøkkerverkstaden og Haugland skulemuseum er ein framifrå formidlingsarena. Alt ligg til rette for læring og det å skapa ein god atmosfære.

Borna får sjå bruk av bila.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Siv Framnes