Nye stolar og bord til Gamleskulen.
Uskedal Utvikling har kjøpt inn nye stolar og bord til Gamleskulen, tilsaman 50 stolar og 13 bord. Egil Myhre og Remi Onarheim brukte fredagen til utpakking og montering. Stolane er av same merke som det ungdomslaget har i Helgheim. Stolane og borda vert sette fram og brukt i møterommet der mellom anna Kafe Tiaren har sine samlingar. Noko av det, som kan brukast av den gamle inventaret, vert flytta til kjellaren eller gitt bort. Defekte stolar vert kasta.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal