Nye namneskilt sikrar at lokale namn ikkje blir gløymde.
Før i tida hadde dei namn mest på kvar stein og haug. Desse namna var då i aktiv bruk. Den jamne bruken sikra at desse namna blei tekne vare på og ikkje blei gløymde.
Med åra har mange av desse namna forsvunne ut av den daglege bruken, og dermed har dei blitt ukjede for folk flest. Det er nok få som veit kor Ilagehaugane, Pissebergje og Preikestolen er i dag for å nemne utvalde Uskedalsnamn. Derfor er det svært positivt at dugnadsgruppa har gjort eit utvalg av om lag 30 lokale stadnamn som ligg ved mykje brukte stiar og turvegar. Desse har dei laga skilt til, og desse er plassert ut.
Pål Haugland i dugnadsgruppa fortel at dei har valt ut namna og bestemt skrivemåten på dei. Dei har halde seg dei opprinnelege namna og lokalmålet og har set vekk frå formelle rettskrivingsreglar og det som står på kart der det avvik. Kvinnherad Vekstbedrift AS har trykt namna i tre før medlemmer i dugnadsgruppa har beisa dei og festa dei på gjerdestaurar. Deretter var det å ta dei på ryggen og få plassert dei på rett plass ute i terrenget.
I hovudsak er det skilt som viser namn på plassen dei er plassert, dei har laga. Nokre få unntak er det med skilt som viser veg(piler). Slike skilt tar turlaget seg av. Døme på slik skilting, er skilt som viser veg til den nye gapahuken på Klepp.
Ja, kor stor prosent visste forresten kor Klepp var før dugnadsgruppa bygde den flotte gapahuken der?
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Lars Myklebust/Thor Inge Døssland.