Nye føresegner for fiske i fredningssoner i sjø gjeld frå 22. mars 2024. Dette er ei aktuell sak for Uskedalen. Fredningssona er merka med skilt på Flatholm og på Børneset. Sjøareale innnom denne skiltinga er fredningssona. Uskedal Elveforvaltning vil informera om nye føresegner. Les meir om dei nye fiksereglane.

Fredningssona er merka med skilt på Flatholm og på Børneset.

Hovudtrekk frå dei nye fiskereglane 

Forskrifta regulerer fiske i sjø utanfor utløp til vassdrag med anadrome laksefisk, kraftverksutløp, og nedsenking av garn i sjø for heile Vestland. Føremålet med forskrifta er å gje anadrome laksefisk eit naudsynt vern mot risiko for overbeskatning i sjø, i fylket. 

  • Fisketida for laks og sjøaure i fredingssonene vil no følgje opning for fiske etter laks eller sjøaure i vassdraget. Fisketid for dei ulike vassdraga finn du i vedlegg I og II i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag (FOR-2021-03-15-798).
  • Fiske etter saltvassfisk i munningsfredingsonene med stong, handsnøre, is eller båt i ro, er lov heile året.
  • For fiske frå båt i rørsle (dorging) med stong og handsnøre er dette lov når det er opna for fiske etter den aktuelle arten i vassdraget innanfor munningsfredingssona (laks eller sjøaure).
  • Yrkesfiskarar må halde reiskap som not, trål og snurrevad 500 meter unna elvemunninga.
  • Det er nedsenkingspåbod på garn, ruse, line og teine ned til minst 5 meter under havoverflata i munningsfredingssonene. Nedsenkingspåbodet gjeld heile året, og for alle maskestorleikar.
  • Utanfor munningsfredingssonene skal alle garn senkast ned til 3 meter under sjøoverflata, i perioden frå og med 1. mars til og med 30. september. Heile fangstdelen skal senkast ned. 
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Forskrift fiske i fredningssone