Nye balkongar på kommunale bustader i Myro.
Det kjem nye balkongar på dei kommunale bustadene i Myro, tilsaman fem bustader. I tillegg vert det utført ymse vedlikehaldsarbeid, skifte av bordkledning og nokre hjørnebord. Kvinnherad Bygg har fleire handverkarar på plassen. Myro var i si tid eit bustadsosialt prosjekt. Uskedal Utvikling med mellom anna Jan Erik Olsson og Bjørn Ove Sunde var pådrivarane. Husa har fungert godt i mange år. No er det trong for vedlikehald og forenkling ute med planter og hage.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal