Gardsdrifta i Uskedalen er i vekst. Haugland, Friheim, Rød og delvis Myklebust peikar seg ut med nydyrking og dermed auka landbruksareale. I Friheim er arealet tredobla med alt arbeidet som er gjort dei siste ti åra. På Rød har Runar Myklebust vunne nytt areale. På Haugland har Steinar Haugland og Lars Haugland gjort det same. Trond Johannes Myklebust har lagt ut ei rein, planert og dermed auka arealet. Bøndene treng areale for å halda oppe tilgangen på for til buskapen.

Den nederste delen måtte såast på etter styrtregn som førte til flaum og erosjon

Uskedalen.no var innom det nye dyrkingsfeltet på Haugland. Grunneigar er Lars Haugland. Over litt tid har ein dyrka opp om lag 60 dekar. Planarbeidet med søknader, klargjering og rydding av skog tok til i 2014. Matjorda frå tomta til den nye floren vart flytta og brukt til planering.

Lars Haugland fortel at det har vore eit stort og omfattande arbeid. Den nederste delen var myrete. Difor måtte ein flytta sandmassar og blanda i jorda. Fjell og store steinar er sprengde. Etter såing i i mai/juni kom det eit styrtregn som grov vekk det meste. Så var det å så på nytt. No er arbeidet førebels sluttført.

Br. Musland maskin har vore innleigd med stor maskin. Det har hjelpt mykje på. Frå mars månad til no er det brukt om lag 200 timar på innleige av Musland.

Berre i 2025 har prosjektet ein kostnad på 0,5 mill. kr. Kommunalt tilskot til dyrking er kr. 2 500,- pr dekar, slik det står på heimesida til Landbrukskontoret. Det rekk ikkje langt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal