Det pågår no arbeid med å leggja ny vassleidning frå Helgheim og innover til avkjørsla til Endregård. Tidlegare i sommar blei det lagt ny leidning bak Helgheim og vidare bak dei næraste husa, og no fortset arbeidet frå det nye huset til Clementsen som er under bygging og vidare innover. Det er viktig å fornya denne delen då det har vore mange lekkasjar på denne strekninga.

Hans Reidar Kjærland, leiar i Uskedal Vassverk, seier at dei fann det gunstig å få gjort arbeidet gjennom tunet til Clementsen før dei gjorde finpussen der. Det er også lagt inn ein brannkum nedanfor huset deira. Den kjem i tillegg til brannkummen ved Grano som framleis vil vera inntakt. Dermed vil ein sleppa å gå over vegen med brannslangar når dei må brukast.

Den gamle vassleidninga går under hovudvegen medan den nye blir lagt på oppsida av vegen. For ein del år sidan blei det lagt ny leidning frå busslomma ved skulen og innover til avkjørsla mot Ospelunden. Det var då gang- og sykkelvegen blei bygt, og leidningen blei lagt under den.

Det er Brødr Musland Maskin AS som står for arbeidet. Dei hadde i dag, torsdag, fire mann i arbeid på prosjektet. Uskedalen.no slo av ein liten prat med dei då dei hadde lunsj. Dei kunne fortelja at firmaet akkurat no har 10 tilsette inklusiv ein lærling. I tillegg har dei to innleigde i arbeid. Resten av staben var no i arbeid på Lonavegen på Husnes og på Seljestad. Dei kunne også fortelja at dei hadde godt med oppdrag i firmaet framover.

Desse fire frå Brødr. Musland Maskin AS stod for arbeidet: Joacim Musland(f.v.), Sindre Ullebust Feet, Johannes Haugland og Johannes Kaldestad Feet.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland